BLÅLIDA

04.06.2015 06:11

Blålida er ei bygd som ligg litt avsides frå bygdane nede ved sjøen. Den ligg omlag 3,5 kilometer aust for Leirgulen, opp i høgda. Bygda er eit bra utgangspunkt for ei god tur eller for jakt med sin nærheit til fjellet.


Bygda er ei populær samlingsstad for krinsens innbyggjarar. Det er godt med småkrede å kunne fiske i Blålidvatnet, og i vatnets vestre ende har bygdefolket reist Blålidflaken. Flaken er ofte endestasjon for ein trimtur eller eit turarrangement. Her samles bygdefolket til mellom anna Jonsok-feiring og juletrebrenning.


Ein kald vinter, før snøen kjem, so er isen på Blålidvatnet vel so god som den beste kunstis, og mykje meir innbjudande å gå på for dei som vil stå på skøyter. Snøen legg seg raskare i Blålida enn i dei andre bygdane, og eit og anna skirenn vert arrangert her.


Bygda har eit par gardsbruk, spredt busetnad, og eit lokalt kraftverk, Blålid Kraft.

 

                 Blålida frå fjellet                            Blålidvatnet

                 Blålidflaken                                           Vinter i Blålida

          På skøyter i Blålida                         Kveld i Blålida


Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund