Dagens ansikt - Meininga med livet er å leve!

29.11.2017 15:19

Namn: Per-Kjetil Leirgulen

Alder: 30 år

Sivilstatus: sambuar og tre barn

Yrke: ikkje yrkesaktiv

Bustad: Rugsund – Kolset krins

- Kva er du mest oppteken av?

- Eg er mest oppteken av å få eit betre helsetilbod i Norge. For kronisk sjuke menneske er ikkje tilboda bra nok. Hadde ein blant anna fått ståande MR til Norge kunne helsevesenet raskare klart å stille riktig diagnose i mange tilfelle, og på den måten kunne ein fått raskare riktig behandling.

- Kva gjer du på fritida?

- Fritida mi går mykje til helserelatert aktivitet. Eg har også tre gutar som skal følgjast opp på ulike aktivitetar.

- Kven beundrar du?

- Eg beundrar bygdeoriginalar med stå på-vilje, som kjempar for aktivitet og tilflytting i utsette bygder.

- Kva er det beste med heimstaden din?

- Det beste med heimstaden min må vere skulen, naturen, samhaldet i bygda og utsikta mot Hornelen.

- Kva hadde stått på di framside av Fjordenes Tidende?

- Bru over ytre Nordfjord – byggestart 2018

- Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

- Eg hadde heilt klart vedtatt å flytte rådhuset til sentrum i Bremanger kommune, opparbeide byggeklare hustomter og fjerna eigedomsskatten.

- Kva kulturoppleving hugsar du best?

- Vingenfeltet og Hornelen er opplevingar i seg sjølv.

- Kva har du på nattbordet?

- Nattlampe og ulike helseprodukt.

- Kva nettstader er du innom i løpet av ein dag?

- Det meste av nyhendesider, kolsetkrins og Facebook.

- Kva er meininga med livet

- Meininga med livet er å leve!

Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund