FOTBALLGRUPPA I LEIRGULEN

18.08.2015 03:57

Fotballgruppa til Leirgulen Idrettslag er eit mangeårig samarbeid mellom Leirgulen IL, Davik IL, og Ålfoten IL. Dei siste par åra har også Svelgen Turn og Idrettsforening vore med på samarbeidet, men ikkje på same vilkår som dei tre andre idrettslaga. Her dreiar det seg om å gje spelarane tilbod om å spele fotball på riktig nivå, og utveksling av spelarar.


Leirgulen IL, som er namnet til fotballsamarbeidet, er den einaste som satsar på jentefotball i Bremanger kommune. Grunna for få gutespelarar til å spele 11'er-fotball, drar gutane til klubbar som Svelgen og Bremanger for å spele serie. I yngre klassar har vi og dei seinaste åra spelt i Svelgen.


I sesongen 2015 stiller Leirgulen med eit 9'er-lag i klasse J13/14, eit 7'er-lag i J13/14, eit 7'er-lag i J12, og eit 5'er-lag i J11. Alle i seriespel.


Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund