Glad for at det er fleire søkjarar

07.04.2015 19:55

FAU ved Kolset Oppvekst i Rugsund gleder seg over at fleire lærarar har søkt på stillingar og ønskjer å arbeide i Bremanger kommune.

I eit brev til kommunen skriv leiar Asle Skaar at dei er merksame på at det er utlyst fem stillingar ved Kolset Oppvekst.

«I motsetning til situasjonen før jul med tanke på å få kvalifisert personale til Kolset Oppvekst, har vi no eit heilt anna utgangspunkt for rekruttering. Vi har forventningar til at Bremanger kommune prioriterer rekruttering til Kolset Oppvekst for å sikre drift av skulen», påpeikar FAU

www.fjt.no/nyheter/article10828841.ece

—————

Tilbake