LEIRGULEN OG LOFNES

04.06.2015 06:08

Leirgulen er ei bygd som ligg ved Frøysjøen rett sør for Rugsund. Desse to bygdane er meir eller mindre vokst i saman. Sør for Leirgulen ligg også den lille bygda Lofnes med nokon få innbyggjarar og nokre utleigehytter/hus.


I Leirgulen er det ein butikk, Leirgulen Handel, som har det ein treng i husholdninga av daglegvarer, samt fiskeutstyr, verktøy, tipping, medisinutsal, postpakkeutlevering, og ein veranda der man kan slappe av og nyte ein god kopp kaffe saman med sambygdingar og andre.


Bygda har også kai med stoppestad for ekspressbåten til Bergen (sørover) og Selje (nordover), og kystvegekspressen. Det er her pendelrutene går for mellom anna dei som jobbar i nabokommunane.


Midt i mot Leirgulen rager Europas høgste sjøklippe, Hornelen, med sine 860 meter. Den gir bygda ein fantastisk utsikt, og er eit populært turmål for dei litt trente. Vestover strekker Fåfjorden, Nordfjord sin sørlige del, seg så langt auget kan se, og gir bygda sol til langt på kveld.


Bygda har spredt busetjing, nokre aktive gardsbruk, utleigehytter, gode fiskemoglegheiter, og nokre fine badeplassar.

         Hornelen og Fåfjorden                              Leirgulen Handel

           Bading i Frøysjøen                              Ekspressbåten

              Vinter i Leirgulen                                       Lofnes

           Naust / kystkultur                           Snorkling i elva i Leirgulen

              

Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund