
LEIRGULEN IDRETTSLAG
LIL vart skipa i 1977.
Laget har i dag i underkant av 100 medlemmer, med aktivitetstilbod for dei fleste aldersgrupper. Størst er aktiviteten i aldersgruppa 2-15 år.
LIL ynskjer å skape aktivitet i bygda vår, og at aktivitetane skal verke sosialt og samlande - i tillegg til at trim sjølvsagt er helsefremjande og kjekt.
Vi har i dag følgjande faste aktivitetar:
- Barneidrett (Barnehagebarn torsdag 17.00-18.00 og barneskulen torsdag 18.00-19.00). Ansvarleg: Renate Storøy og Marie Laugerud.
- Fotball (I delvis samarbeid med andre idrettslag i kommunen). Ansvarleg: Rune Leirgulen
- Herretrim / fotball (torsdag 20.00-21.00). Ansvarleg: Øyvind Leirgulen.
I tillegg til faste aktivitetar, arrangerer vi m.a. nissemarsj før jul, og trimbingo i påska.
LIL har tilbod om idrettsmerketaking, og vi har nokre spreke damer som har teke idrettsmerket gjennom mange år - den eine heile 45 gongar!
Vi merker løyper, og står for Fjelltrimmen (13 ulike turar) og Barnefjelltrimmen (11 ulike turar). På kvart turmål har vi plassert turkasser, der ein registrerer seg med namn og samlar poeng , og er med i konkurransen om premiar kvart år.
Fjelltrimmen har bøker på følgjande turmål:
Troda (varden) 10 poeng
Raudalskammen (varden) 7 poeng
Søndstua (varden) 5 poeng
Raudalen (mur vest for selet til Hildegunn) 3 poeng
Raudehaugen (hytta til Åshild, postkasse) 3 poeng
Huldrehaugen (utedoen) 3 poeng
Kyrahaugen (mur i nærleiken av hytta til Svein Inge) 3 poeng
Skaravatnet (hytta til Knut) 2 poeng
Gloføykvatnet (postkasse i løypa ved vatnet) 2 poeng
Heidasteinane (postkasse, stien til Djupevatnet) 2 poeng
Djupedalen (hytta til Bjørg og Johan) 2 poeng
Tongane (bislaget på forsamlingshuset) 1 poeng
Skatestraumen (på stien frå Nygård mot Nygårdssetra) 1 poeng
Barnefjelltrimmen har bøker på følgjande turmål:
Tongane (bislaget på forsamlingshuset) 4 poeng
Skatestraumen/Nygård (start ved avkøyrsla til Jan Inge) 3 poeng
Mummisteinen (start ved grinda i Rabben) 2 poeng
Hagen (skogsvegen frå lada til Solfrid) 2 poeng
Storfurua (ovanfor Tordis, i løypa frå barnehagen) 1 poeng
Hakkebakkeskogen (Stranda, løypa frå trimstova) 2 poeng
Øyna rundt (midtvegs i løypa, start ved Magne) 2 poeng
Vågen/Ranhøgda (start ved garasjen ved kyrkja) 3 poeng
Holten i Leira (i løypa mot Heidasteinane) 2 poeng
Brauta (Blålida, løypa startar ved Geir) 3 poeng
Bortnen (skogsvegen mot Bortnestøylane/Skaravatnet) 2 poeng
Grasrotandelen
Du kanstøtte idrettslaget vårt ved å registrere deg via tippekortet ditt når du tippar hos Norsk Tipping. 7 % av summen du tippar for, vil då gå direkte til laget-og dermed kome tiltak i nærmiljøet sitt til gode. Dette er heilt kostnadsfritt for deg.
Vårt org.nr. er 986124691
Styret i LIL ser slik ut for 2020:
Hrafnhildur Eva Olafsdottir leiar
Merete Kolseth nestleiar
Therese Kolseth skrivar
Espen Gulliksen kasserar
Svein Leirgulen styremedlem
Helsing styret i LIL
KVA SKJER I KRINSEN OG BYGDENE RUDNT ?