RUGSUND OG ELDE

04.06.2015 00:00

Rugsund, sokn i Davik prestegjeld, Bremanger kommune, Sogn og Fjordane, ved innløpet til Nordfjord. Postnummer 6734, og poststad Rugsund. Rugsund kyrkje ligg på fastlandet på sørsida av fjorden.


Namnet vart opprinneleg brukt om sundet mellom Rungsundøy og sørsida av Nordfjord; første ledd av verbet rugge, sikter til strie straumforhold.


Denne vakre bygda ligg både på fastlandet og på øyane som ligg i Rugsundet, derav delar av Rugsundøy. Rugsundbrua på fylkesveg 616 (opna 2002) bind fastlandet og øyane saman


I bygda ligg Rugsund kyrkje, Kolset Oppvekstsenter med skule, barnehage og grendehus, Rugsund Handelsstad, småbåthamn, ballplass, ballbinge, sandvolleyballbane, Gulebuda m.m.


Bygda har for det meiste spredt busetnad, men har også eit byggjefelt sentralt nær oppvekstsenteret.


Rett nordaust for Rugsund ligg også den vesle bygda Elde med nokre få bustadar og garder, og med vakre Eldedalen. Mellom Rugsund og Elde ligg skytebana i krinsen.


                                                    

            Rugsund Handelsstad                                       Gulebuda

   

           Rugsund kyrkje                     Kolset småbåthamn / Rugsundbrua

         

                       Rugsund                                                    Sandvolleyballbana

           K. Strømmen Lakseoppdrett

—————

Tilbake