Spinning på nattetid

09.04.2015 08:43

Grusbana på Kolset blir utsett for hærverk igjen og igjen:

Spinning på nattetid

Grusbana på Kolset blir utsett for hærverk igjen og igjen.
 

Seinast i påska var rattvandalane på ferde igjen. Dei har spunne rundt med bil og laga kunstferdige krusedullar. Problemet er at grusbana ikkje er eit lerret, men ei leikegrind for elevane både i gymtimane, friminutta og på fritida.

No er bana blitt for humpete til å spele fotball på.
– Slik bana ser ut no, er den øydelagt, seier Espen Gulliksen, engasjert innbyggar i bygda. 
– Det er direkte farleg å la ungane spele ball der. Bana er full av groper og tuer.

Bruker halve bana

Det er totalt 16 elevar på Kolset skule, fordelt på første til sjuande trinn. Bana er ein del av skulens uteområde, og er i kommunens eige.
– Vi bruker bana til å sparke fotball både i friminutta og gymtimane, seier driftssjef på skulen Bjørg Olsbø.


Skulen har i tillegg ein ballbinge, men bana er eit populært samlingspunkt. 
Det hender at nokre av elevane er nede på bana og sparkar ball, dei bruker det eine målet. Ei halv bane er betre enn inga bane, men det er ikkje ei haldbar løysing på sikt. 
– Det er veldig trist at nokon øydelegg bana for elevane på denne måten, vi skjøner rett og slett ikkje kvifor, seier Olsbø.


Ho kom på jobb tysdag, første arbeidsdag etter påske, og blei nedtrykt då ho såg at det hadde skjedd igjen. 
– Det har skjedd fleire gonger før. Det var betre ein periode, men sidan i haust har det blitt verre igjen. Elevrådet har vist stort engasjement. Det var etter innspel frå dei at vi i haust fekk opp skilt om at det er forbode å køyre inn på bana, fortel Olsbø. 
Etter at skiltet kom, tok det verkeleg av. 
– Det er eit forbodsskilt i tråd med vegtrafikklova. Ein skulle tru at det var nok til å stoppe folk, seier Olsbø.

Først bommar, så mål

Elevrådet har fleire gonger tatt til orde for at det bør bli sett opp bommar. 
– Eg har formidla vidare ønsket til teknisk etat, og vi har ein munnleg avtale om at dei skal undersøke kva det vil koste, seier Olsbø.

Kommunen vil førebels ikkje melde forholdet til politiet. 
– I første omgang vil eg purre på teknisk etat og høyre om dei har funne ut av kostnadene ved å sette opp bommar. Vi er så heldige at vi har eit idrettslag som seier at dei vil vere med og betale, i tillegg til å legge ned dugnadstimar.


Espen Gulliksen fortel på vegner av Leirgulen Idrettslag at dei har kjøpt inn nye nett til fotballmåla, men at det ikkje blir tale om å montere dei før bana er trygg. 
– Det fristar lite for frivillige å legge ned ein innsats når bana ser ut slik som den gjer no, seier Gulliksen. 
Bommane må på plass først. I tillegg må bana reparerast. 
– Eg er ingen ingeniør, så eg veit ikkje akkurat kva som må til for å reparere bana. Men eg vil tru at avretting og komprimering må stå på lista, seier Gulliksen.

https://www.firdaposten.no/Spinning_p__nattetid-5-16-26481.html#reloaded

—————

Tilbake