Trugar med å halde ungane heime

17.12.2014 13:14

Foreldra godtar ikkje at kommunen vil flytte ti elevar ved Kolset oppvekst til Davik frå 1. januar. Dei kjem til å halde barna igjen om kommunen ikkje snur.

Foreldra til elevane ved Kolset oppvekst fekk denne veka beskjed om at dei må flytte til ny skule. Foreldra nektar å godta dette vedtaket. Dei kjem til å klage. Om dei ikkje får medhald i klagen, vil dei halde elevane igjen.

Foreldrearbeidsutvalet (FAU) kalla inn til hastemøte onsdag kveld etter at Bremanger kommune dagen før hadde kome med den overraskande meldinga om at elevane i 5.-7. klasse skal flyttast frå skulen, og det omtrent på dagen. Allereie frå 1. januar meiner kommunen dei skal skifte skule.

Fekk sjokk

– Eg håper at dei fleste har kome seg over det verste sjokket frå i går, sa leiar i FAU, Asle Skaar, som leia eit møte som kom saman for å drøfte korleis ein skulle handtere det høgst uventa vedtaket frå kommuneadministrasjonen.

Vedtaket går ut på at elevane på mellomsteget ved skulen skal flyttast til Davik oppvekst frå 1. januar og ut skuleåret. Grunnen er at Kolset oppvekst har lærarmangel.

Det er ein prosess i gang for å sjå på korleis den negative elevutviklinga ved Kolset oppvekst skal handterast frå 2016, og ved skulen er det eit utval i arbeid med dette. Men ingen var førebudde på at noko kunne bli endra ved skulen alt i dag.

Sjølv om det er sagt at det skal vere ei mellombels flytting er foreldra bekymra for om den blir gjort permanent.

– Om elevane no går til Davik oppvekst, er det ikkje sikkert at dei kjem tilbake hit, sa Asle Skaar på møtet.

Ulovleg vedtak

Skaar hadde i løpet av dagen vore i kontakt med Landslaget for nærmiljøskolene som meiner at vedtaket i Bremanger kommune er ulovleg.
Det same hadde Bjørg Lofnes i Kolset Krins Utviklingslag.

– Vedtaket er heilt klart ulovleg. Arbeidsgjevar er pliktig til å løyse personalsituasjonen. Kommunen kan ikkje flytte elevar, men den kan flytte tilsette, sa Bjørg Lofnes.

Les meir om saka i papiravisa fredag 13. desember.

 

 

—————

Tilbake