- Ulovleg skulevedtak - Foreldra på Kolset hevdar at vedtak om flytting av elevar til Davik er ulovleg.

17.12.2014 13:18

Foreldra i Foreldresamarbeidsutvale har teke kontakt med Landslaget for nærmiljøskulen (LUFS)

- Gjennomgangen vår viser at dei folkevalde i Bremanger straks må leggje bort denne saka. Barnet sin rett til skule i eige nærmiljø, er heimla i Opplæringslova §8-1. Elevar i opptaksområdet for Kolset skule skal få opplæringa si der. Kommunen pliktar å gje skulen naudsynt personale og ressursar, og slik stette krava i lov og regelverk. Påstanden om at elevane må flyttast, for å sikre eit forsvarleg opplæringstilbod - slår direkte attende på administrasjonen i kommunen, som då ikkje har gjort jobben sin, uttaler Torodd Fagerheim i LUFS.

Leiar i FAU, Asle Skaar, håpar at dei får møte formannskapet i Bremanger før dei går i møte torsdag 18.12.

- Saka skal behandlast for lukka dører, men eg håpar at vi kan få politikarane i tale på førehand. Vi hadde ein god dialog med administrasjonen og det var lagt opp til ein ryddig prosess. Vedtaket om flytting av elevane kom som lyn frå klar himmel for vår del. Å legge ned skulen er dramatisk for bygdene, særleg når vi ser at vi har tilflytting og positiv folketalsvekst her. Administrasjonen viser til at dei har vanskar med å skaffe kompetente lærekrefter, men vi har ikkje registrert at dei har lyst etter folk offentleg, seier Skaar.

- Dette kan sjåast som eit tiltak som kan styrke Davik skule?

- Foreldra her i området har eit positivt inntrykk av Davik skule. Uansett er det like klokt av administrasjonen å gå fram på den måten dei gjer no. Det skaper ikkje noko godt samarbeidsklima. Blir skulen lagt ned på Kolset, så har vi rett til å velje den skulen vi ønskjer å bruke ut frå reisetid og andre faktorar , seier Skaar.

LUFS viser til at dersom kommunen vil endre opptaksområda - og leggje ned skular - må dei fylgje prosedyren for Kommunal forskrift. Bremanger har òg sin eigen "Strategisk plan", med tidshorisont 2020. Der ligg Kolset inne. Planen vart rullert i 2012 - og skal då etter prosedyrane i Plan- og bygningslova vurderast på nytt i 2016.

Fram til administrasjonen i Bremanger kommune skaffar seg lovleg vedtak om å endre skulestrukturen, skal grunnskule-elevane i det opptaksområdet, gå på Kolset skule.

—————

Tilbake