Vedteken detaljreguleringsplan, Kolset

12.09.2017 13:04

Reguleringsplan for bustadfelt B1, Kolset, plan-ID 1438.2015.01 er vedteken i Bremanger kommunestyre sak KST-032/17,  jfr plan- og bygningslova § 12-12.

Planen heimlar utviding av byggjelfeltet på Kolset, og har eit byggjeareal på 6,7 daa for 6 bustadtomtar.

 

Planen kan ein sjå i hallen på rådhuset og på kommunen si heimeside.

 

Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova § 12-12,  jfr § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

 

Evt klage må vere skriftleg og sendast Bremanger kommune, pb 104, 6721 Svelgen, eller post@bremanger.kommune.no, innan 04.10.17.

 

Evt krav om erstatning eller innløysing må sendast kommunen innan tre år frå denne kunngjeringa (jf. Plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

 

Søkested

Kontakt

Kolset Krins Utviklingslag Kolset,
6734 Rugsund